Torsdagspadling

Torsdagspadling på Frøylandsvatnet


Torsdagspadlinga startar opp 25.04.2019.


Torsdagspadling vert arrangert på Frøylandsvatenet, med oppmøte på Gunnarsberget, Klepp Stasjon. Padlinga varer frå kl 18.00 - 20.00 (me ryddar frå ca. 19.30). Det er mogleg å låne kajakk og utstyr.


I starten av padlinga har me ei  kort samling for å få oversikt og for å bestemma  kva me  skal gjera. Ingen  legg ut på tur utan å avtala det med  ein av leiarane.


Torsdagspadlinga er eit tilbod til klubben sine medlemmar. Du treng ikkje mykje erfaring for å vera med. Nye medlemmar må delta på eit introduksjonskurs. Meld di interesse, så gjennomfører vi opplæring når det er nok deltakarar. Ta kontakt med Frode Skårland (48997102) om du er interessert i å ta introduskjonskurset.


Torsdagspadlinga fortset kvar torsdag i sommarsesongen, unntatt juli og heilagdagar.




Webansvarleg: Frode Skårland.