Måndagspadling

Mandagspadling

 


Mandag 21.10.2019

Mandag gir oss lite vind og overskyet vær. Da havner vi på sjøen, folkens, og avslutter sesongen med en tur som mange kan være med på. Vi padler ut til Feistein. Der tar vi en pause hvor det er tid til å ta seg en matbit. På returen vil det være litt mørkt, så da er det viktig med godt lys. Alle med ferdigheter tilsvarende grunnkurs kan være med på turen. Har du spørsmål, tar du kontakt med Frode på 48997102.


Sele havn ligger HER.


Oppmøte på mandagspadlingene er kl. 17.30 hvis ikke annet er kommunisert. Vi møter der vi skal padle.

 

Gi beskjed hvis du kommer ved å sende en melding til Frode (48997102). Alternativt kan du klikke "skal" på Jærpadlerne på Facebook. Har du spørsmål, er det også Frode du tar kontakt med.

 

(Dette feltet blir oppdatert hver søndag i forkant av mandagspadlingen. Turene blir også annonsert i facebookgruppa "Jærpadlerne")

Om måndagspadling

TID

Måndagspadling er fast kvar måndag så lenge det er sommartid. I fellesferien kan nokre av måndagane gå ut. Hovudregelen er at me møter opp der me skal padla kl 17.30. Kor lenge me padlar er avhengig av vêret og kva type padletur me legg ut på.



STAD

Me prøver å variere kor og korleis me padlar. Aktuelle reisemål kan vere Lutsi, sjøen, Gandsfjorden m.m. Kom gjerne med forslag!


Det vert endeleg bestemt kor me skal padla dagen før. Då blir det lagt ut her på heimesida kor me padlar frå. Dei som er brukarar av Facebook bør bli medlem av facebook-gruppa som heiter "Jærpadlarane". Dette er ei lukka gruppe kor me planlegg turen. Det er ønskeleg at alle som veit at de blir med på turen gjer til kjenne at dei blir med. Då blir turen meir tilpassa dei som kjem.


For å bli medlem av "Jærpadlarane" på Facebook, tek du kontakt med Frode Skårland som er ansvarleg for organiseringa av måndagspadlinga. Han har telefon 48997102.



KVEN KAN VERA MED?

Me ønsker å ha mange med oss!


Du må vera medlem av Jæren kajakklubb, men du kan bli med som gjest for å sjå om dette er noko for deg. Du kan vera med på ein eller mange turar i semesteret.


TRYGGLEIKEN er viktig! Du er sjølv ansvarleg for at du har med riktig utstyr og klede som passar til temperaturen i vatnet, vêr og vind, den type padletur me skal ut på og din erfaring.


Krav om dugleik:

- Du må vita at du har kontroll på kajakken din slik vêret er den dagen me skal ut. Du må kunna ha framdrift og halda ein stødig kurs. Dette kan vera krevjande når det er mykje vind.

- Du må ha gjennomført kameratredning vellukka, både som den som reddar og den som blir redda. Dette må du kunna utføra i forholda me skal ut i.

- Du må vera trygg på at du kjem ut av kajakken din viss du kantrar.

- Om du ikkje tilfredsstiller desse krava, kan du på nokre turar likevel vera med, men då må du gjera avtale med Frode Skårland på førehand.



UTSTYR

Klubben har kajakker, årer, pumper, spruttrekk, slepetau m.m. som de kan låna gratis som medlemmar! (Sjå lenger ned på sida)


Utstyr du må ha

- Klede som er tilpassa temperaturen i vatnet og kva type padling me skal halda på med. Tørrdrakt eller våtdrakt er anbefalt.

- Kajakk og åre.

- Redningsvest

- Hjelm. Det må du ha viss du skal surfa ved stranda i høge bølgjer, eller ved padling i brottsjø.

- Bil med kajakkstativ og stropper, eller sjølv organisera at du kjem deg til og frå padlestaden.


Anbefalt ekstrautstyr

- Spruttrekk

- Mobiltelefon som er pakka i vasstett pose.

- Eit ekstra skift med klede pakka i vasstett pose.

- Hanskar og lue. Dette er godt å ha med seg på dei fleste turane.

- Pumpe.

- Drikkeflaske.

- Mat som gjer energi. På nokre turar tek me kaffipause, men det er alltid lurt å ha med seg noko i tilfelle ein går tom.

- Slepetau (det aukar tryggleiken om flest mogleg har dette med seg).

- Balje. Det er veldig praktisk med ein balje i bilen til det som er vått (og kanskje salt).

- Svamp til å tømma kajakken for mindre mengder vatn.

- Eit håndkle kan vera godt å ha viss du trur du vil bli blaut.


Viss du treng å låna utstyr, tek du kontakt med Frode Skårland. Han kan møta opp ved containeren på Gunnarsberget ved Frøylandsvatnet til avtalt tid for utlevering av utstyr. Viss ein treng å låna utstyr fast, kan ein få seg eigen nøkkel.


Anna utstyr som kan vera godt å ha med (kanskje mest på lengre turar)

- Reparasjonsutstyr: Vevtape (gaffatape), tau, ekstra rorvaier, epoxylim, epoxykitt, multiverktøy (lommekniv)

- Førstehjelpsutstyr. Plaster, strips, steril kompress, sårvask, enkeltmannspakke.



SPØRSMÅL?

Ta kontakt med Frode Skårland (48997102)



Webansvarleg: Frode Skårland.


Kontakt for måndagspadling:


Frode Skårland

48997012