Torsdagspadlinga startar opp 25.04.2019.
Torsdagspadling vert arrangert på Frøylandsvatenet, med oppmøte på Gunnarsberget, Klepp Stasjon. Padlinga varer frå kl 18.00 - 20.00 (me ryddar frå ca. 19.30). Det er mogleg å låne kajakk og utstyr.
I starten av padlinga har me ei kort samling for å få oversikt og for å bestemma kva me skal gjera. Ingen legg ut på tur utan å avtala det med ein av leiarane.
Torsdagspadlinga er eit tilbod til klubben sine medlemmar. Du treng ikkje mykje erfaring for å vera med. Nye medlemmar må delta på eit introduksjonskurs. Meld di interesse, så gjennomfører vi opplæring når det er nok deltakarar. Ta kontakt med Frode Skårland (48997102) om du er interessert i å ta introduskjonskurset.
Torsdagspadlinga fortset kvar torsdag i sommarsesongen, unntatt juli og heilagdagar.